8 Kjøtet av desse dyra må de ikkje eta, og dei daude kroppane må de ikkje røra. Dei er ureine for dykk.
9 Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, anten det lever i hav eller elvar, kan de eta.
10 Men alt som ikkje har finnar og skjel, anten det finst i havet eller i elvane, alt som yrer i vatnet, alt som lever der, det skal vera motbydeleg for dykk.
11 Dei skal vera motbydelege for dykk. Kjøtet av dei må de ikkje eta, og dei daude kroppane skal vera motbydelege for dykk.
12 Alt i vatnet som ikkje har finnar og skjel, skal vera motbydeleg for dykk.
13 Desse fuglane skal vera motbydelege for dykk. Dei må ikkje etast, for dei er motbydelege: ørna, lammegribben og svartgribben,
14 glenten og alle slag falkar,