1 Herren sa til Moses:
2 Sei til israelittane: Når ei kvinne er med barn og føder ein gut, er ho urein i sju dagar. Ho er urein like lenge som menstruasjonsdagane sine.
3 Den åttande dagen skal forhuda til guten skjerast bort.
4 Kvinna skal venta i trettitre dagar medan blodet hennar blir reinsa. Ho må ikkje røra noko heilagt og ikkje koma til heilagdomen før reinsingsdagane er over.