12 Men dersom sjukdomen bryt ut på huda og dekkjer den sjuke frå hovud til hæl, etter det presten kan sjå,
13 då skal presten undersøkja han. Dekkjer sjukdomen heile kroppen, skal presten erklæra den sjuke for rein. Når han har vorte kvit over det heile, er han rein.
14 Men så snart det viser seg villkjøt på han, er han urein.
15 Når presten ser villkjøtet, skal han slå fast at han er urein. For villkjøtet er ureint. Då er det hudsjukdom.
16 Men dersom villkjøtet går bort att og huda blir kvit, skal han gå til presten.
17 Presten skal undersøkja han. Dersom området som er ramma, har vorte kvitt, skal presten slå fast at den sjuke er rein. Då er han rein.
18 Får nokon ein byll på huda og han blir lækt,