25 skal presten undersøkja han. Dersom håret på flekken har kvitna og han ligg djupare enn huda, då er det hudsjukdom som har brote ut i brannsåret, og presten skal slå fast at han er urein. Han er ramma av hudsjukdom.
26 Men dersom presten undersøkjer den bleike flekken og det ikkje er kvite hår på han og han ikkje ligg djupare enn huda og han har bleikna, då skal han halda mannen innestengd i sju dagar.
27 Den sjuande dagen skal presten undersøkja han. Dersom flekken då har breidd seg på huda, skal presten erklæra han for urein. Det er eit tilfelle av hudsjukdom som gjer urein.
28 Men er flekken bleik og har halde seg på same staden utan å breia seg, då er det ei blemme etter brannsåret, og presten skal slå fast at han er rein. For dette er berre arret etter brannsåret.
29 Når ein mann eller ei kvinne blir ramma av ein sjukdom på hovudet eller i skjegget,
30 skal presten undersøkja området som er ramma. Dersom det ser ut til å liggja djupare enn huda og det er gult, tynt hår på det, skal presten slå fast at den sjuke er urein. Det er skurv, hudsjukdom på hovudet eller i skjegget.
31 Når presten undersøkjer området som er ramma av skurv, og det ser ut til at det ikkje ligg djupare enn huda, og at det ikkje er svarte hår på det, då skal han halda den som er ramma, innestengd i sju dagar.