31 Når presten undersøkjer området som er ramma av skurv, og det ser ut til at det ikkje ligg djupare enn huda, og at det ikkje er svarte hår på det, då skal han halda den som er ramma, innestengd i sju dagar.
32 Den sjuande dagen skal presten undersøkja flekken. Dersom skurven ikkje har breidd seg, dersom det ikkje er gult hår på han, og dersom han ikkje ser ut til å liggja djupare enn huda elles,
33 då skal den som har skurv, barbera seg, men ikkje sjølve skurven, og presten skal halda han innestengd i sju dagar til.
34 Den sjuande dagen skal presten undersøkja skurven. Dersom skurven ikkje har breidd seg på huda og ikkje ser ut til å liggja djupare enn huda elles, skal presten slå fast at den sjuke er rein. Han skal vaska kleda sine, og så er han rein.
35 Dersom skurven likevel breier seg på huda etter at det vart slege fast at han er rein,
36 skal presten undersøkja han. Har skurven breidd seg på huda, skal presten ikkje leita etter gule hår. Då er han urein.
37 Men dersom skurven held seg på same staden, etter det presten kan sjå, og det har vakse svarte hår på han, då er skurven lækt. Då er han rein, og presten skal slå fast at han er rein.