36 skal presten undersøkja han. Har skurven breidd seg på huda, skal presten ikkje leita etter gule hår. Då er han urein.
37 Men dersom skurven held seg på same staden, etter det presten kan sjå, og det har vakse svarte hår på han, då er skurven lækt. Då er han rein, og presten skal slå fast at han er rein.
38 Når ein mann eller ei kvinne får bleike flekker på kroppen, kvite flekker,
39 då skal presten undersøkja dei. Er det bleike, kvite flekker på huda, er det berre eit ufarleg utslett som har brote ut. Då er han rein.
40 Når ein mann mistar håret på hovudet, blir han fleinskalla, men han er rein.
41 Dersom han mistar pannehåret, blir han skalla, men han er rein.
42 Men er det ein bleikraud flekk der han er skalla, anten det er i nakken eller i panna, då er det hudsjukdom som bryt ut.