43 Presten skal undersøkja han. Er det ei bleikraud blemme i nakken eller panna og det ser ut til å vera hudsjukdom,
44 då har han fått denne sjukdomen. Då er han urein. Presten skal slå fast at han er urein. Han har hudsjukdom i hovudet.
45 Den som er ramma av ein slik sjukdom, skal riva sund kleda og la håret hanga fritt. Han skal løyna skjegget og ropa: «Urein, urein!»
46 Så lenge han er ramma, er han urein. Han skal bu for seg sjølv. Utanfor leiren skal han halda til.
47 Det kan henda at klede blir ramma av muggsjukdom, anten det er eit klesplagg av ull eller lin
48 eller noko som er vove eller knytt av lin eller ull, eller det er skinn eller noko som er laga av skinn.
49 Det er grønvorne eller raudvorne område på plagget eller skinnet eller det som er vove eller knytt eller laga av skinn. Då er det ramma av muggsjukdom. Det skal visast fram for presten.