51 Den sjuande dagen skal han undersøkja det att. Har området som er ramma, breidd seg på plagget eller på det som er vove eller knytt, eller på skinnet eller på det som er laga av skinn, då er det tærande sjukdom. Då er det ureint.
52 Han skal brenna det som er ramma, anten det er eit plagg eller noko som er vove eller knytt av ull eller lin, eller noko som er laga av skinn. For det er tærande sjukdom. Det skal brennast.
53 Men dersom presten undersøkjer det, og området som er ramma, ikkje har breidd seg på plagget eller på det som er vove eller knytt eller laga av skinn,
54 då skal han setja nokon til å vaska det som er ramma, og halda det innelåst i sju dagar til.
55 Så skal presten undersøkja det etter at det er vaska. Dersom plagget som er ramma, ikkje ser annleis ut enn før, då er det ureint, jamvel om området som er ramma, ikkje har breidd seg. Du skal brenna det. Det er slikt som et seg inn, på retta eller ranga.
56 Men dersom presten undersøkjer det og finn at flekkene har bleikna etter vasken, då skal han riva det av plagget eller skinnet eller av det som er vove eller knytt.
57 Viser sjukdomen seg att på plagget eller på det som er vove eller knytt eller laga av skinn, då bryt han ut. Du skal brenna det som er ramma.