56 Men dersom presten undersøkjer det og finn at flekkene har bleikna etter vasken, då skal han riva det av plagget eller skinnet eller av det som er vove eller knytt.
57 Viser sjukdomen seg att på plagget eller på det som er vove eller knytt eller laga av skinn, då bryt han ut. Du skal brenna det som er ramma.
58 Men går det av i vask på plagget eller det som er vove eller knytt eller laga av skinn, då skal det vaskast ein gong til. Då er det reint.
59 Dette er lova om muggsjukdom som rammar klesplagg av ull eller lin, det som er vove eller knytt, og alle slag ting av skinn. Etter den skal dei seiast reine eller ureine.