1 Herren sa til Moses:
2 Dette er lova om reinsingsdagen for den som er ramma av hudsjukdom: Han skal førast til presten,
3 og presten skal gå ut av leiren og undersøkja han. Dersom den som er ramma av sjukdomen, har vorte lækt,
4 skal presten få nokon til å henta to levande, reine fuglar, litt sedertre, karmosinraud ull og isop til reinsinga av han.
5 Presten skal la dei slakta den eine fuglen over eit leirkar som er fylt med friskt vatn.
6 Så skal han ta den levande fuglen, sedertreet, den karmosinraude ulla og isopen og dyppa alt saman, også den levande fuglen, i blodet av den fuglen som er slakta over det friske vatnet,