10 Den åttande dagen skal han ta to feilfrie vêrlam og eit årsgammalt, feilfritt holam og til grødeoffer tre tiandedels mål fint mjøl blanda med olje, og så ein log olje.
11 Presten som står for reinsinga, skal føra den som skal reinsast og offergåvene hans fram for Herrens andlet, til inngangen til teltheilagdomen.
12 Så skal presten ta det eine vêrlammet og den logen olje som høyrer til, og bera det fram som skuldoffer og svinga det for Herrens andlet.
13 Han skal slakta lammet på den staden der dei slaktar syndofferet og brennofferet, på den heilage staden. For det er med skuldofferet som med syndofferet: Det høyrer presten til. Det er høgheilagt.
14 Presten skal ta noko av blodet frå skuldofferet og stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.
15 Presten skal ta noko av den oljen som høyrer til, og hella ut i den venstre handa si,
16 dyppa høgre peikefingeren i oljen som han har i venstre handa, og skvetta litt av oljen med fingeren sju gonger for Herrens andlet.