12 Så skal presten ta det eine vêrlammet og den logen olje som høyrer til, og bera det fram som skuldoffer og svinga det for Herrens andlet.
13 Han skal slakta lammet på den staden der dei slaktar syndofferet og brennofferet, på den heilage staden. For det er med skuldofferet som med syndofferet: Det høyrer presten til. Det er høgheilagt.
14 Presten skal ta noko av blodet frå skuldofferet og stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.
15 Presten skal ta noko av den oljen som høyrer til, og hella ut i den venstre handa si,
16 dyppa høgre peikefingeren i oljen som han har i venstre handa, og skvetta litt av oljen med fingeren sju gonger for Herrens andlet.
17 Noko av den oljen som er att i handa, skal han stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, over blodet av skuldofferet.
18 Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet til den som skal reinsast. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens andlet.