18 Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet til den som skal reinsast. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens andlet.
19 Så skal presten bera fram syndofferet og gjera soning for den som skal reinsast for ureinskapen sin. Sidan skal han slakta brennofferet.
20 Og presten skal bera fram brennofferet og grødeofferet på altaret og gjera soning for han. Då er han rein.
21 Men er det ein fattig mann som ikkje har råd til så mykje, skal han ta eit vêrlam til skuldoffer. Det skal svingast til soning for han. Saman med det skal han ta ein tiandedels mål fint mjøl blanda med olje til grødeoffer, og ein log olje,
22 og så to turtelduer eller to dueungar, etter som han har råd til. Den eine skal vera til syndoffer og den andre til brennoffer.
23 Den åttande dagen etter at han har vorte rein, skal han koma med desse offergåvene til presten, til inngangen til teltheilagdomen, for Herrens andlet.
24 Presten skal ta skuldofferlammet og den oljen som høyrer til, og presten skal svinga det som eit svingeoffer for Herrens andlet.