22 og så to turtelduer eller to dueungar, etter som han har råd til. Den eine skal vera til syndoffer og den andre til brennoffer.
23 Den åttande dagen etter at han har vorte rein, skal han koma med desse offergåvene til presten, til inngangen til teltheilagdomen, for Herrens andlet.
24 Presten skal ta skuldofferlammet og den oljen som høyrer til, og presten skal svinga det som eit svingeoffer for Herrens andlet.
25 Når skuldofferlammet er slakta, skal presten ta noko av blodet frå skuldofferet og stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.
26 Presten skal hella noko av oljen ut i den venstre handa si,
27 og med høgre peikefingeren skal presten skvetta litt av oljen som han har i den venstre handa, sju gonger for Herrens andlet.
28 Noko av oljen som presten har i handa, skal han stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, på dei stadene der blodet av skuldofferet er.