24 Presten skal ta skuldofferlammet og den oljen som høyrer til, og presten skal svinga det som eit svingeoffer for Herrens andlet.
25 Når skuldofferlammet er slakta, skal presten ta noko av blodet frå skuldofferet og stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.
26 Presten skal hella noko av oljen ut i den venstre handa si,
27 og med høgre peikefingeren skal presten skvetta litt av oljen som han har i den venstre handa, sju gonger for Herrens andlet.
28 Noko av oljen som presten har i handa, skal han stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, på dei stadene der blodet av skuldofferet er.
29 Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet til den som skal reinsast. Såleis skal han gjera soning for han for Herrens andlet.
30 Så skal han gjera i stand den eine av turtelduene eller dueungane, etter som han har råd til,