29 Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet til den som skal reinsast. Såleis skal han gjera soning for han for Herrens andlet.
30 Så skal han gjera i stand den eine av turtelduene eller dueungane, etter som han har råd til,
31 den eine som syndoffer og den andre som brennoffer, etter som han har råd til, og saman med dei grødeofferet. Såleis skal presten gjera soning for den som skal reinsast, for Herrens andlet.
32 Dette er den lova de skal følgja når den som har dårleg råd, er ramma av hudsjukdom og skal reinsast.
33 Herren sa til Moses og Aron:
34 Når de kjem inn i Kanaans land, som eg gjev dykk til eigedom, og eg lèt soppsjukdom ramma eit hus i landet som er dykkar eigedom,
35 då skal huseigaren gå og melda frå til presten og seia: «Det ser ut til at huset er ramma av soppsjukdom.»