34 Når de kjem inn i Kanaans land, som eg gjev dykk til eigedom, og eg lèt soppsjukdom ramma eit hus i landet som er dykkar eigedom,
35 då skal huseigaren gå og melda frå til presten og seia: «Det ser ut til at huset er ramma av soppsjukdom.»
36 Då skal presten setja dei til å rydda huset før han sjølv kjem og undersøkjer soppåtaket, så ikkje alt det som er i huset, blir ureint. Etterpå kan presten koma og undersøkja huset.
37 Han skal undersøkja åtaket. Dersom husveggene som er ramma, har grønvorne eller raudvorne søkk og overflata på dei ligg djupare enn veggen,
38 då skal presten gå ut or huset, til inngangen til huset, og stengja huset for sju dagar.
39 Den sjuande dagen skal presten koma att og undersøkja det. Dersom åtaket med sopp har breidd seg på husveggene,
40 skal presten setja folk til å bryta ut dei steinane som er ramma, og kasta dei utanfor byen, på ein urein stad.