43 Blir huset ramma på nytt etter at steinane er uttekne og huset er skrapa og pussa,
44 skal presten koma og undersøkja det. Har åtaket då breidd seg på huset, er det tærande sjukdom på det. Då er det ureint.
45 Huset skal rivast, både steinane, treverket og all murpussen, og førast ut or byen til ein urein stad.
46 Den som går inn i huset så lenge det er stengt, han er urein heilt til kvelds.
47 Den som legg seg ned i huset, skal vaska kleda sine, og den som et i huset, skal vaska kleda sine.
48 Men om presten kjem og undersøkjer huset og soppåtaket ikkje har breidd seg i huset etter at det vart pussa, då skal presten slå fast at huset er reint. For soppsjukdomen er lækt.
49 For å reinsa huset skal han ta to fuglar, sedertre, karmosinraud ull og isop.