11 Kjem den som har utflod, nær nokon utan at han først har skylt hendene sine i vatn, skal den han har teke på, vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.
12 Kjem den som har utflod, nær eit leirfat, skal det knusast. Er det eit trefat, skal det skyljast i vatn.
13 Når den som har utflod, er vorten rein etter utfloda, skal han telja sju dagar fram frå den tid han vart rein. Då skal han vaska kleda sine og kroppen i friskt vatn. Så er han rein.
14 Den åttande dagen skal han ta to turtelduer eller to dueungar og gå fram for Herrens andlet, til inngangen til teltheilagdomen, og gje dei til presten.
15 Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens andlet etter utfloda.
16 Når ein mann får sædavgang, skal han vaska heile kroppen sin i vatn; han er urein heilt til kvelds.
17 Kvart klesplagg eller skinnplagg som det kjem sæd på, skal vaskast; det er ureint heilt til kvelds.