13 Når den som har utflod, er vorten rein etter utfloda, skal han telja sju dagar fram frå den tid han vart rein. Då skal han vaska kleda sine og kroppen i friskt vatn. Så er han rein.
14 Den åttande dagen skal han ta to turtelduer eller to dueungar og gå fram for Herrens andlet, til inngangen til teltheilagdomen, og gje dei til presten.
15 Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens andlet etter utfloda.
16 Når ein mann får sædavgang, skal han vaska heile kroppen sin i vatn; han er urein heilt til kvelds.
17 Kvart klesplagg eller skinnplagg som det kjem sæd på, skal vaskast; det er ureint heilt til kvelds.
18 Og når ein mann ligg med ei kvinne og det går sæd frå han, skal begge vaska seg i vatn; dei er ureine heilt til kvelds.
19 Når ei kvinne har utflod og utfloda er blod frå kroppen hennar, er ho urein i sju dagar. Den som kjem nær henne, er urein heilt til kvelds.