26 Alt det ho ligg på medan utfloda varer, blir som det ho ligg på når ho har menstruasjon. Og alt det ho sit på, blir ureint, som ureinskapen ved menstruasjon.
27 Den som kjem nær det, blir urein. Han skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.
28 Når ho blir rein etter utfloda, skal ho telja sju dagar fram. Då er ho rein.
29 Den åttande dagen skal ho ta to turtelduer eller to dueungar og koma til presten med dei, til inngangen til teltheilagdomen.
30 Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for henne for Herrens andlet etter den ureine utfloda.
31 De skal fria israelittane for ureinskapen deira, så dei ikkje skal gjera bustaden min urein, den som står midt imellom dei, og døy i ureinskapen sin.
32 Dette er lova om menn som har utflod og om dei som har sædavgang så dei blir ureine,