29 Den åttande dagen skal ho ta to turtelduer eller to dueungar og koma til presten med dei, til inngangen til teltheilagdomen.
30 Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for henne for Herrens andlet etter den ureine utfloda.
31 De skal fria israelittane for ureinskapen deira, så dei ikkje skal gjera bustaden min urein, den som står midt imellom dei, og døy i ureinskapen sin.
32 Dette er lova om menn som har utflod og om dei som har sædavgang så dei blir ureine,
33 om kvinner som har menstruasjon, om den som har utflod, anten det er mann eller kvinne, og om menn som ligg med ureine kvinner.