3 På grunn av utfloda hans skal dette reknast som ureinskap: Anten utfloda renn frå kjønnslemen hans eller lemen er tetna til av utfloda, så er dette ureinskap.
4 Alt han ligg på og alt han sit på, blir ureint.
5 Den som kjem nær senga hans, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.
6 Den som set seg på noko han har sete på, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.
7 Den som kjem nær kroppen til den som har utflod, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.
8 Dersom den som har utflod, spyttar på ein som er rein, skal den han spytta på, vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.
9 Kvar ridesal som den som har utflod, sit på, blir urein.