4 Alt han ligg på og alt han sit på, blir ureint.
5 Den som kjem nær senga hans, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.
6 Den som set seg på noko han har sete på, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.
7 Den som kjem nær kroppen til den som har utflod, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.
8 Dersom den som har utflod, spyttar på ein som er rein, skal den han spytta på, vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.
9 Kvar ridesal som den som har utflod, sit på, blir urein.
10 Den som kjem nær noko av det han har under seg, er urein heilt til kvelds. Og den som ber det bort, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds.