14 Så skal han ta litt av okseblodet og skvetta det med fingeren mot soningsstaden, på austsida. Framfor soningsstaden skal han sju gonger skvetta litt blod med fingeren.
15 Så skal han slakta den syndofferbukken som er for folket, og bera blodet innanfor forhenget. Han skal gjera med blodet som han gjorde med blodet av oksen: skvetta det på soningsstaden og framfor soningsstaden.
16 Han skal gjera soning for heilagdomen på grunn av ureinskapen til israelittane, lovbrota og alle syndene deira. Såleis skal han gjera med teltheilagdomen, som står hos dei midt i ureinskapen deira.
17 Det må ikkje finnast noko menneske i teltheilagdomen frå Aron går inn for å gjera soning i heilagdomen, og til han kjem ut att. Han skal gjera soning for seg og sitt hus og for heile Israels forsamling.
18 Så skal han gå ut til altaret som står for Herrens andlet, og gjera soning for det. Han skal ta litt av okseblodet og litt av bukkeblodet og stryka det rundt om på altarhorna.
19 Sju gonger skal han skvetta noko av blodet på altaret med fingeren, reinsa det frå ureinskapen til israelittane og gjera det heilagt.
20 Når Aron har fullført soninga for den heilage staden, teltheilagdomen og altaret, skal han leia fram den levande bukken,