20 Når Aron har fullført soninga for den heilage staden, teltheilagdomen og altaret, skal han leia fram den levande bukken,
21 leggja begge hendene på hovudet til bukken og sanna over han heile skulda til israelittane, alle lovbrota og syndene deira. Han skal leggja dei på hovudet til bukken. Så skal han la ein mann som står ferdig, senda han ut i ørkenen.
22 Bukken skal bera alle syndene deira ut i villmarka. Bukken skal sendast ut i ørkenen.
23 Så skal Aron gå inn i teltheilagdomen og ta av seg linkleda som han hadde på då han gjekk inn i heilagdomen, og han skal leggja dei der.
24 Han skal vaska kroppen med vatn på ein heilag stad, ta på seg sine eigne klede og så gå ut og laga til sitt eige brennoffer og brennofferet for folket. Han skal gjera soning for seg og for folket.
25 Han skal la feittet av syndofferet gå opp i røyk på altaret.
26 Den mannen som sende bukken ut til Asasel, skal vaska kleda sine og kroppen med vatn. Så kan han få koma inn i leiren.