27 Når blodet er bore inn i heilagdomen til soning, skal syndofferoksen og syndofferbukken førast ut av leiren, og skinnet og kjøtet og mageinnhaldet skal brennast.
28 Den som brenner det, skal vaska kleda sine og kroppen med vatn. Så kan han koma inn i leiren.
29 Dette skal vera ei evig forskrift for dykk: I den sjuande månaden, på den tiande dagen, skal de audmjuka dykk. De skal ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd i landet, eller innflyttaren som bur hos dykk.
30 For den dagen skal det gjerast soning for dykk så de blir reine. De skal reinsast frå alle syndene dykkar for Herrens andlet.
31 Ein sabbat, ein kviledag skal han vera for dykk, og de skal audmjuka dykk. Det er ei evig forskrift.
32 Den presten som blir salva og innsett til å gjera presteteneste etter far sin, skal stå for soninga. Han skal ta på seg linkleda, dei heilage kleda,
33 og gjera soning for Det høgheilage. Han skal gjera soning for teltheilagdomen og altaret, for prestane og for heile folket som er samla.