31 Ein sabbat, ein kviledag skal han vera for dykk, og de skal audmjuka dykk. Det er ei evig forskrift.
32 Den presten som blir salva og innsett til å gjera presteteneste etter far sin, skal stå for soninga. Han skal ta på seg linkleda, dei heilage kleda,
33 og gjera soning for Det høgheilage. Han skal gjera soning for teltheilagdomen og altaret, for prestane og for heile folket som er samla.
34 Dette skal vera ei evig forskrift for dykk: Éin gong om året skal det gjerast soning for syndene til israelittane.Det som Herren hadde bode Moses, vart utført.