6 Aron skal leia fram den oksen som er syndoffer for han sjølv, og gjera soning for seg og sitt hus.
7 Så skal han ta dei to bukkane og stilla dei fram for Herrens andlet, i inngangen til teltheilagdomen.
8 Aron skal kasta lodd om bukkane, eitt lodd for Herren og eitt for Asasel.
9 Den bukken som loddet for Herren fell på, skal Aron leia fram og laga til som syndoffer.
10 Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens andlet. Ved han skal det gjerast soning når han blir send ut i ørkenen til Asasel.
11 Aron skal leia fram sin eigen syndofferokse og gjera soning for seg og sitt hus. Han skal slakta syndofferoksen sin.
12 Så skal han fylla glopanna med glør frå altaret framfor Herrens andlet, og ta to fulle nevar med finstøytt, velluktande røykjelse og bera det innanfor forhenget.