9 Den bukken som loddet for Herren fell på, skal Aron leia fram og laga til som syndoffer.
10 Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens andlet. Ved han skal det gjerast soning når han blir send ut i ørkenen til Asasel.
11 Aron skal leia fram sin eigen syndofferokse og gjera soning for seg og sitt hus. Han skal slakta syndofferoksen sin.
12 Så skal han fylla glopanna med glør frå altaret framfor Herrens andlet, og ta to fulle nevar med finstøytt, velluktande røykjelse og bera det innanfor forhenget.
13 Han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens andlet så skya av røykjelsen gøymer soningsstaden som er over vitnemålet; elles må han døy.
14 Så skal han ta litt av okseblodet og skvetta det med fingeren mot soningsstaden, på austsida. Framfor soningsstaden skal han sju gonger skvetta litt blod med fingeren.
15 Så skal han slakta den syndofferbukken som er for folket, og bera blodet innanfor forhenget. Han skal gjera med blodet som han gjorde med blodet av oksen: skvetta det på soningsstaden og framfor soningsstaden.