11 Du skal ikkje kle dotter til kona til far din naken, ho som òg er dotter til far din. Ho er syster di.
12 Du skal ikkje kle syster til far din naken. Ho er i nær slekt med han.
13 Du skal ikkje kle syster til mor di naken. Ho er i nær slekt med henne.
14 Du skal ikkje kle farbror din naken. Kona hans må du ikkje koma nær, ho er tanta di.
15 Du skal ikkje kle svigerdotter di naken. Ho er kona til son din. Du skal ikkje kle henne naken.
16 Du skal ikkje kle kona til bror din naken; nakenskapen hennar høyrer bror din til.
17 Du skal ikkje kle både ei kvinne og dotter hennar nakne. Du skal ikkje ta sonedotter eller dotterdotter hennar og kle dei nakne, dei er av same kjøt og blod som henne. Det er skamlaus gjerning.