14 Du skal ikkje kle farbror din naken. Kona hans må du ikkje koma nær, ho er tanta di.
15 Du skal ikkje kle svigerdotter di naken. Ho er kona til son din. Du skal ikkje kle henne naken.
16 Du skal ikkje kle kona til bror din naken; nakenskapen hennar høyrer bror din til.
17 Du skal ikkje kle både ei kvinne og dotter hennar nakne. Du skal ikkje ta sonedotter eller dotterdotter hennar og kle dei nakne, dei er av same kjøt og blod som henne. Det er skamlaus gjerning.
18 Du skal ikkje ta ei kvinne som medkone for syster si og kle henne naken, ikkje så lenge den andre er i live.
19 Når ei kvinne er urein med menstruasjon, skal du ikkje koma nær henne for å kle henne naken.
20 Du skal ikkje ha samleie med kona til ein landsmann og gjera deg urein ved henne.