18 Du skal ikkje ta ei kvinne som medkone for syster si og kle henne naken, ikkje så lenge den andre er i live.
19 Når ei kvinne er urein med menstruasjon, skal du ikkje koma nær henne for å kle henne naken.
20 Du skal ikkje ha samleie med kona til ein landsmann og gjera deg urein ved henne.
21 Du skal ikkje gje nokon av borna dine over til Molok; du skal ikkje vanhelga namnet til din Gud. Eg er Herren.
22 Du skal ikkje liggja med ein mann som ein ligg med ei kvinne. Det er avskyeleg.
23 Du skal ikkje ha samleie med eit dyr av noko slag og gjera deg urein ved det. Heller ikkje skal ei kvinne by seg fram til eit dyr og para seg med det. Det er motbydeleg.
24 Gjer dykk ikkje ureine med noko slikt! For dei folkeslaga som eg vil driva ut for dykk, har gjort seg ureine med alt dette.