25 Landet har vorte ureint. Eg straffa det for synda så landet spydde ut dei som budde der.
26 Men de skal halda forskriftene og lovene mine og ikkje gjera nokon av desse avskyelege gjerningane, anten de er fødde i landet eller er innflyttarar der.
27 For dei som budde i landet før dykk, gjorde alle desse avskyelege gjerningane, og landet vart ureint.
28 Då må ikkje landet spy dykk ut fordi de gjer det ureint, slik det har spydd ut det folkeslaget som var der før dykk.
29 For alle som gjer noko av dette som er avskyeleg, skal støytast ut frå folket sitt.
30 Så hald dykk då til det som eg har fastsett, og følg ikkje nokon av dei avskyelege forskriftene som dei har følgt før dykk! Gjer dykk ikkje ureine ved dei! Eg er Herren dykkar Gud.