3 De skal ikkje gjera som dei gjer i Egypt, det landet der de har budd, eller som dei gjer i Kanaan, det landet eg fører dykk til. De skal ikkje følgja deira forskrifter.
4 Mine lover skal de halda, og mine forskrifter skal de akta på, så de følgjer dei. Eg er Herren dykkar Gud.
5 De skal halda forskriftene og lovene mine. Det mennesket som lever etter dei, skal ha liv ved dei. Eg er Herren.
6 Ingen må koma nær nokon av sitt eige kjøt og blod for å kle dei nakne. Eg er Herren.
7 Du skal ikkje kle far din eller mor di naken. Ho er mor di; du skal ikkje kle henne naken.
8 Du skal ikkje kle kona til far din naken; nakenskapen hennar høyrer far din til.
9 Du skal ikkje kle syster di naken, anten ho er dotter til far din eller til mor di, anten ho er fødd heime eller ute.