22 Med skuldoffervêren skal presten for Herrens andlet gjera soning for han og for den synda han har gjort. Så får han tilgjeving for synda han har gjort.
23 Når de kjem inn i landet og plantar allslags tre til å eta av, skal de halda den første frukta dei ber, for urein. I tre år skal frukta vera urein for dykk og ikkje etast.
24 Det fjerde året skal all frukt helgast til Herren på ei gledehøgtid.
25 Først i det femte året kan de eta frukta. Såleis får de større avling. Eg er Herren dykkar Gud.
26 De skal ikkje eta noko med blodet i.De skal ikkje driva med spådomskunster og teikntyding.
27 De skal ikkje runda av håret på sidene og raka skjegget i kantane.
28 De skal ikkje rispa dykk opp på kroppen i sorg over ein som er død, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk. Eg er Herren.