28 De skal ikkje rispa dykk opp på kroppen i sorg over ein som er død, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk. Eg er Herren.
29 Du skal ikkje vanhelga dotter di ved å la henne prostituera seg, slik at landet driv hor og blir fullt av skamløyse.
30 De skal halda sabbatane mine og ha age for heilagdomen min. Eg er Herren.
31 De skal ikkje venda dykk til gjenferd og ikkje søkja til spådomsånder så de blir ureine ved dei. Eg er Herren dykkar Gud.
32 Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære. Du skal frykta din Gud. Eg er Herren.
33 Når ein innflyttar bur i landet hos dykk, skal de ikkje gjera urett mot han.
34 Innflyttaren som bur hos dykk, skal vera som ein av dykkar eigne landsmenn. Du skal elska han som deg sjølv. For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.