3 Kvar og ein skal ha age for mor si og far sin, og de skal halda sabbatane mine. Eg er Herren dykkar Gud.
4 De skal ikkje venda dykk til avgudane og ikkje laga dykk støypte gudebilete. Eg er Herren dykkar Gud.
5 Når de vil ofra eit fredsoffer for Herren, skal de ofra slik at de kan vinna velvilje.
6 Kjøtet skal etast same dagen som de ofrar, eller dagen etter. Det som er att til tredje dagen, skal brennast.
7 Det må ikkje etast av offeret den tredje dagen. Då er det ureint og kan ikkje gje velvilje.
8 Den som et det, fører skuld over seg, for han har vanhelga det som var heilagt for Herren. Han skal støytast ut frå folket sitt.
9 Når de haustar inn korn i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att når du har hausta, skal du ikkje sanka saman.