33 Når ein innflyttar bur i landet hos dykk, skal de ikkje gjera urett mot han.
34 Innflyttaren som bur hos dykk, skal vera som ein av dykkar eigne landsmenn. Du skal elska han som deg sjølv. For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.
35 De skal ikkje gjera urett mot nokon når de dømmer, når de bruker lengdemål, vekt eller holmål.
36 Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal de bruka. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut frå Egypt.
37 De skal halda alle forskriftene og lovene mine og leva etter dei! Eg er Herren.