7 Det må ikkje etast av offeret den tredje dagen. Då er det ureint og kan ikkje gje velvilje.
8 Den som et det, fører skuld over seg, for han har vanhelga det som var heilagt for Herren. Han skal støytast ut frå folket sitt.
9 Når de haustar inn korn i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att når du har hausta, skal du ikkje sanka saman.
10 På vinmarka skal du ikkje sanka dei druene som heng att, eller plukka dei som er neddotne. Du skal la dei vera att til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.
11 De skal ikkje stela, og de skal ikkje lyga, og de skal ikkje fara med svik mot landsmenn.
12 De skal ikkje sverja falskt ved namnet mitt; for då vanhelgar du namnet til din Gud. Eg er Herren.
13 Du skal ikkje undertrykkja nesten din eller røva noko frå han. Du skal ikkje la løna til ein dagarbeidar liggja natta over hos deg.