1 Når nokon vil bera fram eit grødeoffer for Herren, skal offergåva vera fint mjøl. Han skal hella olje over og leggja røykjelse oppå
2 og gå med det til Arons søner, prestane. Presten skal ta ei handfull av mjølet og oljen saman med all røykjelsen og la det gå opp i røyk som eit påminningsoffer på altaret, eit gåveoffer til godange for Herren.
3 Det som er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha, ein høgheilag del av Herrens gåveoffer.
4 Når du ber fram eit grødeoffer som er steikt i omn, skal det vera av fint mjøl, anten runde, usyra kaker blanda med olje, eller usyra, flatt brød smurt med olje.