10 Det som er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha, ein høgheilag del av Herrens gåveoffer.
11 Alle grødeoffer som de vil bera fram for Herren, skal vera usyra. Surdeig eller honning må de framfor alt ikkje la gå opp i røyk som gåveoffer for Herren.
12 Som offergåve av førstegrøda kan de bera dei fram for Herren, men dei skal ikkje ofrast på altaret til ein god ange.
13 Alle grødeoffer skal du salta. Lat aldri saltet som høyrer til pakta med din Gud, mangla i grødeofferet. Til alle offergåvene dine skal du ofra salt.
14 Dersom du ber fram for Herren eit offer av førstegrøda, skal du ofra kornaks som er steikte over elden. Knust korn av nymogne aks skal du bera fram som offer av førstegrøda.
15 Du skal hella olje over og leggja røykjelse på det. Dette er eit grødeoffer.
16 Presten skal la påminningsofferet av det knuste kornet og oljen gå opp i røyk saman med all røykjelsen. Dette er eit gåveoffer for Herren.