8 Du skal koma fram for Herren med grødeofferet som er laga til av dette, og gje det til presten, og han skal bera det fram til altaret.
9 Presten skal ta påminningsofferet ut av grødeofferet og brenna det på altaret som eit gåveoffer til godange for Herren.
10 Det som er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha, ein høgheilag del av Herrens gåveoffer.
11 Alle grødeoffer som de vil bera fram for Herren, skal vera usyra. Surdeig eller honning må de framfor alt ikkje la gå opp i røyk som gåveoffer for Herren.
12 Som offergåve av førstegrøda kan de bera dei fram for Herren, men dei skal ikkje ofrast på altaret til ein god ange.
13 Alle grødeoffer skal du salta. Lat aldri saltet som høyrer til pakta med din Gud, mangla i grødeofferet. Til alle offergåvene dine skal du ofra salt.
14 Dersom du ber fram for Herren eit offer av førstegrøda, skal du ofra kornaks som er steikte over elden. Knust korn av nymogne aks skal du bera fram som offer av førstegrøda.