5 då vil eg venda meg mot han og slekta hans. Eg vil støyta han ut frå folket, både han og alle dei som like eins driv hor og renner etter Molok.
6 Den som vender seg til gjenferd og spådomsånder, driv hor og held seg til dei, vil eg venda meg mot og støyta ut frå folket.
7 De skal helga dykk og vera heilage. For eg er Herren dykkar Gud.
8 De skal halda forskriftene mine og leva etter dei! Eg er Herren, som helgar dykk.
9 Når nokon forbannar far sin eller mor si, skal han døy. Han har forbanna far sin eller mor si. Hans blod kjem over han sjølv.
10 Ein mann som bryt ekteskapet med ei kvinne, ein som bryt ekteskapet med kona til nesten sin, skal døy. Det gjeld både mannen og kvinna som har brote ekteskapet.
11 Ein som ligg med kona til far sin, avdekkjer nakenskapen til far sin. Dei skal begge døy. Deira eige blod kjem over dei.