9 Når nokon forbannar far sin eller mor si, skal han døy. Han har forbanna far sin eller mor si. Hans blod kjem over han sjølv.
10 Ein mann som bryt ekteskapet med ei kvinne, ein som bryt ekteskapet med kona til nesten sin, skal døy. Det gjeld både mannen og kvinna som har brote ekteskapet.
11 Ein som ligg med kona til far sin, avdekkjer nakenskapen til far sin. Dei skal begge døy. Deira eige blod kjem over dei.
12 Når ein mann ligg med sonekona si, skal begge døy. Dei har gjort ei motbydeleg gjerning. Deira eige blod kjem over dei.
13 Når ein mann ligg med ein annan mann som ein ligg med ei kvinne, har begge gjort noko avskyeleg. Dei skal døy. Deira eige blod kjem over dei.
14 Ein mann som tek ei kvinne og mor hennar til kone, handlar skamlaust. Dei skal brennast, både han og dei. Slik skamløyse må ikkje finnast mellom dykk.
15 Ein mann som har samleie med eit dyr, skal døy, og dyret skal de drepa.