1 Herren sa til Moses: Tal til prestane, Arons søner, og sei til dei: Ein prest skal ikkje gjera seg urein mellom landsmennene sine med å røra ved eit lik,
2 om det då ikkje gjeld ein nær slektning: mor, far, son, dotter eller bror.
3 Ei syster som er jomfru og ikkje har fått nokon mann, kan han òg gjera seg urein ved når han er næraste slektningen.
4 Ein gift mann må ikkje gjera seg urein mellom landsmennene sine så han vanhelgar seg sjølv.
5 Prestane skal ikkje klippa seg snaue på hovudet, dei skal ikkje raka skjegget i kantane og ikkje skjera seg opp på kroppen.