1 Herren sa til Moses:
2 Sei til Aron og sønene hans at dei skal vera varsame med dei heilage gåvene som israelittane vier til meg, så dei ikkje vanhelgar mitt heilage namn. Eg er Herren.
3 Du skal seia til dei: Dersom nokon av etterkomarane dykkar, i slekt etter slekt, kjem nær dei heilage gåvene som israelittane vier til Herren, medan han er urein, skal han støytast bort frå mitt andlet. Eg er Herren.
4 Ingen av Arons etterkomarar som har hudsjukdom eller utflod, skal eta av dei heilage gåvene før han har vorte rein. Det skal heller ikkje den som kjem nær nokon som har vorte urein av lik, eller den det går sæd frå,
5 eller den som kjem nær noko krypdyr som ein blir urein av, eller noko menneske som ein på eit eller anna vis blir urein av.