15 Prestane skal ikkje vanhelga dei heilage gåvene som israelittane gjev til Herren,
16 og føra synd og skuld over folket ved å la dei eta dei heilage gåvene. For eg er Herren, som helgar dei.
17 Herren sa til Moses:
18 Tal til Aron og sønene hans og til alle israelittane og sei: Når ein israelitt eller ein av innflyttarane i Israel ber fram eit offer, anten det er eit lovnadsoffer eller eit frivillig offer dei ber fram for Herren som brennoffer,
19 må det vera slik at de kan vinna velvilje: Det skal vera eit feilfritt hanndyr av storfeet, sauene eller geitene.
20 Noko som har ein feil, må de ikkje ofra, for noko slikt vil ikkje gje dykk velvilje.
21 Når nokon ber fram for Herren eit fredsoffer av storfeet eller småfeet, anten det er ein lovnad han vil oppfylla, eller det er eit frivillig offer, då må det vera eit feilfritt dyr om det skal vinna velvilje. Det må ikkje finnast feil på dyret.