25 Heller ikkje skal de kjøpa slike dyr av utlendingar og bera dei fram som mat for dykkar Gud. Dei er skadde; det er ein feil på dei. De kan ikkje vinna velvilje ved dei.
26 Herren sa til Moses:
27 Når ein kalv eller eit lam eller eit kje kjem til, skal dei følgja mor si i sju dagar. Men frå den åttande dagen blir dei mottekne med velvilje som gåveoffer for Herren.
28 De skal ikkje slakta storfeet og småfeet saman med ungane deira same dagen.
29 Når de slaktar eit takkoffer for Herren, skal de ofra slik at de kan vinna velvilje.
30 De skal eta det same dagen og ikkje la noko av det bli liggjande til morgonen etter. Eg er Herren.
31 Så hald då boda mine og lev etter dei! Eg er Herren.