29 Når de slaktar eit takkoffer for Herren, skal de ofra slik at de kan vinna velvilje.
30 De skal eta det same dagen og ikkje la noko av det bli liggjande til morgonen etter. Eg er Herren.
31 Så hald då boda mine og lev etter dei! Eg er Herren.
32 Vanhelga ikkje mitt heilage namn, for eg skal haldast heilag mellom israelittane. Eg er Herren, som helgar dykk.
33 Det var eg som førte dykk ut frå Egypt og vil vera dykkar Gud. Eg er Herren.